
Velkommen til festival 2.-4. mai 2025

Velkommen til Bøker i Bø 2025 2.-4. mai!
Til årets festival inviterer vi til ein brei pallett av forfattarar til samtaler kring tematikken venskap og einsemd.
Utover våren leggast det ut arrangement og meir informasjon her på Facebook og på Instagram, men vi kan allereie fortelje noko av programmet på fredag og laurdag så langt:
På opningsarrangementet i Gullbring fredag 2. mai vil de møte Nordisk Råds Litteraturprisvinnar Nils Fredrik Dahl, publikumsfavoritten Kyrre Andreassen samt tidlegare forfattarstudent Maren Barlien. Tradisjon tru vil det etter opninga haldast lanseringsfest for antologien til forfattarstudentane. Jazzmusiker og saksofonist Kristin Sevaldsen stiller med musikalsk innslag.
Laurdag 3. mai på formiddagen går turen fyrst til biblioteket for høytlesning og håndarbeidsverksted med Lynn Anita Tandberg for barn i alderen 0-6 år.
Videre inviterer vi til Lifjell kunstsenter der universitetslektor Anne Gry Gudmundsdotter møter forfattarane Hilde Østby, Fabian Christensen og Endre Ruset som frå ulike sjangermessige ståstadar vil samtale om venskap og einsemd i litteraturen.
Seinare på kvelden får vi høyre tidlegare forfattarstudent Magnus Harding samtale med Stein Versto om venskapstematikken i Tarjei Vesaas forfattarskap, og deretter vil duoen Suigard følgje opp med konsert.
Det er med andre ord lagt opp til djupe dykk ned i litteraturens verd igjen i år, og vi i festivalen gledar oss veldig!
Fredag 3. mai







Laurdag 4. mai




Sundag 5. mai



Fann du det du leita etter? Hvis ikkje kontakt oss på e-post: post@bokeribo.no.
Billettar i Gullbring kulturhus / gullbring.no
Velkommen til litteraturfestival 😊
