bilde av skog

Luftrommet over Ukraina – forfattarsamtale mellom Geir Gulliksen og Anne Gry Gudmundsdotter

Collage met fotografier av Geir Gulliksen, hans bok luftrommet over Ukraina og Anne Gru Gudmundsdotter

Onsdag 21. januar, kl. 19 på Midt-Telemark bibliotek

I Geir Gulliksen si siste bok «Luftrommet over Ukraina» (2025) møter vi Hilding, ein mann frå Hamar ingen lenger har bruk for. Han bur aleine etter eit havarert ekteskap og har mista kontakt med barna sine. Med Russlands fullskala invasjon av Ukraina vaknar noko i Hilding. Han klarar ikkje sitte stille å sjå på det som utspelar seg på TV-skjermen og bestemmer seg for å reise til den ukrainske grensa for å hjelpe. Ved grensa blir TV-bileta til verkelege menneske og Hilding møter Oksana og hennar to tenåringsbarn som vil flykte til Noreg. På veg heim blir Hilding ikkje berre tvunge til å ta umoglege val for andre, han blir samstundes tvunge til å stille seg spørsmålet: Kven gjer eg eigentlege dette for?

I samtale med Geir Gulliksen møter vi førsteamanuensis ved USN, Anne Gry Gudmundsdotter, som sjølv reiste som frivillig til den polsk-ukrainske grensa våren 2022. I etterkant har ho forska på kva som motiverte norske frivillige til å hjelpe ukrainske flyktningar med transport frå Ukraina til Noreg, til tross for at norske myndigheiter advarte sterkt mot å gjere dette.

Fredag 2. mai

Niels Fredrik Dahl og Magnus Harding i samtale på scena i Storsalen
F.v.: Magnus Harding og Niels Fredrik Dahl
Foto av Marie Aubert og Kyrre Andreassen i samtale på scena i Storsalen
F.v.: Marie Aubert og Kyrre Andreassen.
Foto av Maren Barlien som lever på scena i Storsalen
Maren Barlien
Foto av Kristin Sevaldsen ved siden av video av en vulkan
Kristin Sevaldsen
Foto av alle forfatterstudentene på scena i Framstugo
Årets forfatterstudenter

Laurdag 4. mai

Foto av samtale deltakerne og publikum på Lifjell kunstsenter
F.v.: Anne Gry Gudmundsdotter, Hilde Østby, Fabian Christensen og Endre Ruset.
Foto av Stein Versto og Magnus Harding i samtale på scena i Storsalen
F.v.: Magnus Harding og Stein Versto
Foto av duoen Suigard på scena i Storsalen
Suigard

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje kontakt oss på e-post: post@bokeribo.no.

Billettar i Gullbring kulturhus / gullbring.no

Velkommen til litteraturfestival 😊

Logoer for Bøker i Bø sine samarbeidspartnarar