Simon Strauss

Simon Strauss

Simon Strauss (f. 1988) er ein tysk forfattar og journalist. Strauss er frå Berlin, og han er son av dramatikaren Botho Strauss. Han har ein doktorgrad fra Humboldt-universitetet i Berlin. Sidan 2016 har han vore redaktør i Frankfurter Allgemeine Zeitung. Han har også erfaring som teaterdramaturg. I 2017 debuterte Strauss som forfattar med romanen Sieben Nächte (norsk 2018, Syv netter). Syv netter skapte stor debatt i Tyskland, og er kalla eit manifest for ein ny romantisk bølgje i tysk litteratur.