Judith Hermann

Judith Hermann

Judith Hermann (f. 1970) er ein tysk skjønnlitterær forfattar, i fyrste rekkje novellist. Hermann er frå Berlin, og den tyske hovudstaden er skodeplass i fleire av forteljingane hennar. Hermann debuterte i 1998 med samlinga Sommerhus, senere (norsk 2000), og litteraturkritikaren Marcel Reich-Ranicki utropte Hermann til Tysklands mest lovande unge forfattar; eit stjerneskot som representerte ein heil generasjon. Ho ga ut novellesamlinga Alice i 2003 (til norsk i 2013), romanen Aller Liebe Anfang, i 2014 (til norsk i 2015) og Lettipark, fortellinger, i 2016 (til norsk i 2017). Hermann har motteke Heinrich von Kleist-prisen og Friedrich Hölderlin-prisen.