Eldrid Lunden

Eldrid Lunden

Fotograf: Cato Lein

Eldrid Lunden (f. 1940) er lyrikar og essayist og professor emerita i skjønnlitterær skrivekunst. Ho er ein modernistisk poet med særeiga stemme og ein av nestorane i norsk litteratur. Eldrid Lunden debuterte som lyrikar med f.eks. juli og gav mellom 1968 og 2005 ut ti diktsamlingar og to essaysamlingar. Lunden har fått ei rekkje prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris, Dobloug-prisen frå Svenska Akademien, Brages heiderspris og Halldis Moren Vesaas-prisen i 2007. I 2016 vart Lunden utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. I 2019 er ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Det er berre eit spørsmål om tid frå2018.