YTRINGSFRIDOM UNDER PRESS

 
Unntakstilstanden i Tyrkia etter kuppforsøket i sommar har gått hardt ut over ytringsfridommen. Fleire forfattarar og journalistar er fengsla; Aslı Erdoğan blei fengsla for arbeid i ei kurdisk avis saman med 22 andre kollegaar.

Aslı Erdoğan sit fengsla urettmessig for tekstar ho har skrive, og Norsk PEN og Den norske forfatterforeninga m.fl. krev at ho blir sett fri straks.

Bø er ein friby og har med det tatt stilling til vern av ytringsfridom og for å betre forholda for dei som er fengsla og forfølgte på bakgrunn av skrivinga si.

I programmet for Bøker i Bø 2017 vil me ha eit spesielt fokus på tyrkisk litteratur.

4.-7. MAI 2017

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

Translate »
Click to listen highlighted text!