Forfattarar

 

Svanhild Amdal Telnes (f. 1994)
Svanhild Amdal Telnes frå Seljord er ei ny og spennande røyst i bokfloraen. Hennar fyrste bok Om nettene brukar mor dråpeteljar (Gyldendal) kom ut i år og er ein særs vellukka debut. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og går no på profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU i Trondheim.

 

Mona Høvring (f. 1962)
Mona Høvring har gitt ut fleire diktsamlingar og romanar og kom i 2017 med si sjette diktsamling, Jente med dødningehode (Oktober). I 2012 blei Høvring tildelt Språklig samlings litteraturpris for forfattarskapen sin. Hennar første roman, Noe som hjelper, utkom nylig i Danmark til svært gode kritikkar. Romanen Venterommet i Atlanteren (2012) blei nominert til Ungdommens kritikarpris.

 

Thorvald Steen (f. 1954)

Thorvald Steen debuterte i 1983 og har gjennom ein rik forfattarskap skrive romanar, diktsamlingar, skodespel, noveller, barnebøker og essay. Han har markert seg som ein av Noregs mest internasjonalt orienterte forfattarar. Det hvite badehuset (Oktober 2017) er svært godt mottatt.

 

Øyvind Rimbereid (f. 1966)

Øyvind Rimbereid har hausta prisar og lovord for diktverka sine i ei årrekke. Diktsamlinga Lovene (Gyldendal 2015) handlar om lover gjennom tidene, og siste utgivinga, langdiktet Lenis plassar (Gyldendal 2017), tar mange vegar. Her skiftar draum med verkelegheit, og tida me lever i blir konfrontert med bilete og tenking frå ei fj ern fortid og glimt av framtid.

 

Aina Villanger (f. 1979)

Aina Villanger er frå Skien. Ho fekk strålande mottaking for debuten Langsang i 2012 (Oktober). Baugeids bok (Oktober 2017) er andre boka hennar. Villanger er mellom anna utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Oslo.

 

Rune Christiansen (1964)

Rune Christiansen blei ein sentral poet allereie med den første boka Hvor toget forlater havet i 1986. Han har utvikla ein stadig meir markant prosaforfattarskap, seinast med Ensomheten i Lydia Ernemans liv (Oktober 2014) og Fanny og mysteriet i den sørgende skogen (Okotber 2017).

 

Stein Torleif Bjella (f. 1968)

Stein Torleif Bjella bur på Ål og er godt kjent som musikar, tekstforfattar, rimsmed og artist. I 2017 debuterte han som forfattar med diktsamlinga Jordsjukantologien (Oktober 2017).

 

Eldrid Lunden (f. 1940)

Eldrid Lunden er ein av dei fremste norske lyrikarane og professor emerita ved forfatterstudiet ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Ho har gitt ut diktsamlingar som Mammy, blue (1978), Noen må ha vore her før (1990), Slik Sett (1996) og Flokken og skuggen (2005).  Eldrid Lunden er slått til Ridder av St. Olavs orden.

 

Eivind Sudmann Larssen  (f. 1984)

Eivind Sudmann Larssen er frå Lillehammer og debuterte i 2014 med romanen Ingen savner Edward Niema (Schibsted). Han er aktuell med diktsamlinga Endehjem (2017) og romanen Etter dette skal vi bestandig være fra hverandre (Cappelen Damm 2018). Han er tidlegare student ved forfattarstudiet på HSN i Bø.

 

Eskil Kjos Fjell (f. 1986)

Eskil Kjos Fjell er debutant i år og les frå debutromanen Moderne tapet (Vigmostad&Bjørke 2018). Han er tidlegare student ved forfattarstudiet på HSN i Bø og har mastergrad I filosofi.

 

Veronica Salinas (f. 1977)

Veronica Salinas er forfattar og skodespelar, ho er fødd i Argentina og har spansk og indiansk bakgrunn. For  romanen Og mottok Salinas Bokhandelens barne- og ungdomsbokpris for beste ungdomsroman i 2017. Romanen kom på spansk i februar 2018 i alle land i Latin-Amerika.

 

Audhild Solberg (f. 1975)

Audhild Solberg frå Sauland er utdanna litteraturvitar og har jobba i forlagsbransjen i mange år. Ho debuterte med «Kampen mot superbitchene» (Aschehoug), som blei ein stor suksess og vann ARKs barnebokpris i 2014. Siste bok serien Superbitchenes hemmelighet kom I 2017.

 

Frank Rosell (f. 1969)
Frank Rosell er ein av dei i verda som veit aller mest om beveren. Til dagleg er han professor ved Høgskolen i Søraust-Noreg i Bø. Frank Rosell har gitt ut fleire fagbøker og i 2017 kom faktaboka Beveren Bjørk for unge lesarar.

 

Neha Naveen (f. 1986)

Neha Naveen er frå Oslo. I 2015 blei romanen Stupekontroll utgitt på Gyldendal forlag og i 2017 kom boka Beveren Bjørk. Neha Naveen har forfattarutdanning frå Norsk Barnebokinstitutt, og skriv bøker for barn og ungdom. Ho har master i kulturstudier ved HSN i Bø.

 

Kristine Søgnen (f. 1975)

Kristine Søgnen er ein stillfarande poet, tidlegare forfattarstudent i Bø og slampoet. Ho arbeider til dagleg i omsorgssektoren i Bø kommune.

 

Jarle Sten Olsen (f. 1963)

Jarle Sten Olsen bur i Bø og er medielærar i vidaregåande skule. Som forfattar debuterte han i 2014 med Steady. Bare du som passer på (2018) er hans andre krimroman.

 

Øyvind T. Gulliksen (f. 1945)

Øyvind T. Gulliksen er dr.philos. frå Universitetet i Bergen. Han er professor emeritus i amerikansk litteratur og kultur ved Høgskolen i Søraust-Noreg. I sitt forskingsarbeid har han hatt særleg vekt på studier av norske innvandrarar i USA.

 

Spesielle program

Hun som gikk foran – eit foredrag om Bjørg Vik sin forfattarskap i Bø prestegard
Litteraturgarasjens Astrid Borchgrevink Lund og Per Erik Buchanan Andersen frå Porsgrunn, skal halde eit fordrag til minne om Bjørg Vik (1935-2018). Bjørg Vik var ein av våre mest markante feministiske forfattarar. Ho var særleg kjend for sin novellekunst, og var tre gonger innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris. Bøkene hennar er oversett til nærare 30 språk.

 

Bonden og forfattaren – ein film om Hans Herbjørnsrud av Fredrik Leijon i Filmsalongen

Hans Herbjørnsrud (f. 1938)

Hans Herbjørnsrud er født i Heddal, og debuterte i 1979 med novellesamlinga Vitner (Gyldendal). Han er utdanna lærar, men livnærer seg som forfattar og bonde. Herbjørnsrud reknast som ein av våre aller fremste novelleforfattarar.

 

Samtaleleiarar

 

Mari Hesjedal

Mari Hesjedal er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho er tidlegare student ved Forfattarstudiet i Bø. Mari Hesjedal vil i 2018-2019 vere husdramatikar ved Dramatikkens Hus.

 

Kalle Løchen

Kalle Løchen er filmvitar. Han har vore leiar for Cinemateket i Oslo, kinosjef i Bærum og har i ei årrekke vore redaktør for tidsskriftet Film & kino.

 

Heidi Stavrum
Heidi Stavrum er kulturforskar ved Telemarksforsking I Bø. Stavrum har skrive doktoravhandling om dansebandfeltet i Norge.

 

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er forfattar og kulturredaktør i avisa Vårt land. Han gav i 2017 ut Røff guide til bibelen (Samlaget).

 

Gina Winje

Gina Winje frå Porsgrunn har lang fartstid frå både nasjonalt og internasjonalt forlagsliv. I 2016 starta ho det litterære agenturet Winje Agency, som representerer norske forfattarar i utlandet.

Janneken Øverland

Janneken Øverland er litteraturhistorikar og tidlegare forleggar.

 

Arnfinn Åslund
Arnfinn Åslund er førsteamanuensis ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Han disputerte i 2009 med doktorgradsavhandlinga Litteraturens land. Litterær nasjonalitet hos Bjørnson 1856–1859 ved Universitetet i Oslo.

 

4.-6. MAI 2018

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!