FORFATTARAR OG AKTØRAR

 

Hans-Petter-Blad-FOTO-Katharina-Barbosa250x300.jpgHANS PETTER BLAD (f. 1962) er forfattar, dramatikar og regissør. I skyggen av små menn midt på dagen (2002) var første boka han gav ut. Sidan har han skrive fleire romanar, lyrikk, kortprosa og essay ved sidan av eit allsidig virke i filmbransjen. Siste utgivinga er diktsamlinga Clair-obscur frå 2016. Foto: Katharina-Barbosa
bilde kommerFREDRIK BRATTBERG (f. 1978) er dramatikar og komponist busett i Porsgrunn. Stykka hans har vore oppført mange stadar i og utanfor Noreg. I 2013–2015 var han husdramatikar på Dramatikkens hus, og han fekk Ibsenprisen i 2012.
«Bernt Brendemoen FOTO: Karsten MeinichBERNT BRENDEMOEN (f. 1949) er professor i turkologi ved Universitetet i Oslo, med særleg interesse for tyrkisk språk og litteratur. Han har omsett fleire bøker av den tyrkiske forfattaren Orhan Pamuk som mottok Nobelpris i litteratur i 2006. Foto: Karsten Meinich
Christiansen-Rune-foto-Morten-BrunRUNE CHRISTIANSEN (f. 1963) har gitt ut ei rekke diktsamlingar og romanar sidan debuten i 1986. Han har også mottatt fleire prisar, blant anna Brageprisen for Ensomheten i Lydia Ernemans liv (2014). Christiansen tok over som kunstnarisk leiar av Forfattarstudiet ved Høgskolen Søraust-Noreg i 2011. Foto: Morten Brun
MARIT HALLEN (f.1962) er forteljar og bibliotekar. Hallén formidlar bøker til ungdom, har laga førestillingar og festivalar for og med ungdom og held kurs om forteljarkunsten.
Mari HaugerudMARI HAUGERUD (f. 1979) er bokbindar. Ho er ei kreativ og klok dame frå Hørte som òg arbeider med tekst og kunst i ulike former. No er ho busett på Nesodden. Ho har stått bak ulike utstillingar og kunstformidlingsprosjekt i inn- og utland.
Vigdis Hjorth Foto: Cappelen DammVIGDIS HJORTH (f. 1959) debuterte med barneboka Pelle-Ragnar i den gule gården. Hjorth har eit skarpt blikk for aktuelle og politiske tema i samtida. Ho har skrive meir enn tjue romanar og ei lang rekke noveller, barne- og ungdomsbøker, artiklar og essay. Vigdis Hjorth har mellom anna fått Kritikerprisen, Gyldendalprisen og Amalie Skram-prisen, og i 2014 fekk ho Brages heiderspris. Ho er aktuell med romanen Arv og miljø (2016). Foto: Cappelen Damm
Bilde kommerGUNVALD AXNER IMS (f. 1979) er doktorand i tyrkiske språk ved Uppsala universitet. Han forskar på moderne tyrkisk litteratur, og har omsett fleire romanar frå tyrkisk til norsk. Masteroppgåva frå UiO tar for seg fenomenet Orhan Pamuks sjølvframstilling. Ved sida av tyrkiske språk har han studert journalistikk, litteraturvitskap og religion.
Mette Karlsvik Foto: Tove. K. BreisteinMETTE KARLSVIK (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har skrive åtte romanar og bøker både for barn og vaksne. Mette Karlsvik har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og er utdanna journalist og er styremedlem i Den Norske Forfatterforening. I 2013 mottok ho Skien kommunes kunstarstipend. Romanen Varmá kom i 2016. Foto: Tove. K. Breistein
Kalle Løchen Foto: PrivatKALLE LØCHEN (f. 1959) er filmvitar og har utdanning frå mellom anna Høgskolen i Søraust-Noreg og Universitetet i Stockholm. Han har vore leiar for Cinemateket i Oslo, kinosjef i Bærum og har i ei årrekke vore redaktør for tidsskriftet Film & Kino. Løchen har dessutan vore filmkonsulent ved Norsk Filminstitutt og er i dag filmkonsulent ved Midtnorsk Filmsenter. Foto: Privat
Edy Poppy Foto: Julian BlaueEDY POPPY (f.1975) er frå Bø og debuterte med romanen Anatomi. Monotoni i 2005. Romanen vann Gyldendals konkurranse som beste norske kjærleiksroman. Edy Poppy har bakgrunn frå kunst og teater og har publisert ei rekkje tekstar i antologiar og tidsskrift. Novellesamlinga Sammen. Brudd (2011) er den andre boka hennar. Foto: Julian Blaue
Øyvind Prytz Foto: KulturrådetØYVIND PRYTZ er litteraturforskar og prosjektleiar i Kulturrådets FoU-seksjon. I 2016 gav han ut boka Litteratur i en digital tid, basert på forskingsprosjektet Litteratur i digitale omgivelser. Prytz har også vore tilknytt Institutt for nordistikk og allmenn litteraturvitenskap ved NTNU. Foto: Kulturrådet
Swhan Dler Qaradaki Foto: Kulturbyrået MesenSHWAN DLER QARADAKI (f.1977) er ein norsk biletkunstnar som arbeider med teikning, maleri, foto, installasjon og video. Han kom til Noreg som politisk flyktning i 1999, og med sin kurdiske bakgrunn problematiserer han identitetar i ei multietnisk og multikulturell verd. Han er utdanna ved Kunstakademiet Sulaimani i Kurdistan i Irak og i Norge ved NISS og Kunsthøgskolen i Oslo. Foto: Kulturbyrået Mesen
Kjersti Rorgemoen Foto: Helge HansenKJERSTI RORGEMOEN (f. 1982) er frå Øyfjell i Vinje og bur på Tvigyva i Tokke. Ho debuterte med boka Purkene snudde seg i 2009 og kom med boka Håpet og festen i 2015. I 2016 vart ho tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris, Bokhandlerforeningens store forfatterstipend og Jan Roar Leikvolls minnepris. Foto: Helge Hansen
Audhild Solberg Foto: AKAM1K3AUDHILD SOLBERG (f. 1975) er utdanna litteraturviter og er barnebokforfattar frå Sauland med nasjonal suksess. Solberg fekk ARKs barnebokpris i 2015 for debutromanen sin Kampen mot superbitchene (2014). Superbitchene driter seg ut (2015) er andre boka hennar. Foto: AKAM1K3
Espen Stueland Foto: Tomas MossESPEN STUELAND (f. 1970) debuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus. Stueland er ein produktiv forfattar og ein markant litteraturkritikar, tidsskriftredaktør og essayist. Gjennom kjøttet (2009), som også var Stuelands doktorgradsavhandling, blei hylla som eit kulturhistorisk storverk av norske kritikarar. I 2016 kom boka 700-årsflommen, ein litterær klimakamp som granskar språket og litteraturens plass i vår tids handtering av det sårbare klimaet. Foto: Tomas Moss
Vidar Sundstøl Foto :Paal AudestadVIDAR SUNDSTØL (f.1963) er frå Drangedal og bur i Bø. Han gjekk på Forfattarstudiet i Bø i 1987, og debuterte med romanen Kommandolinjer i 2005. Sidan har han gjort suksess med mellom anna Minnesota-Trilogien. I 2015 kom den første romanen med Telemark som åstad og inspirasjonskjelde. Foto :Paal Audestad
Frederik Svindland Foto: Cappelen DammFREDERIK SVINDLAND (f. 1985) er frå Porsgrunn og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Han debuterte med Pelargonia i 2016. For denne romanen er han no nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Foto: Cappelen Damm
Jørn Sværen Foto: Vidar M. S. HusbyJØRN SVÆREN (f. 1974) er busett i Oslo og er leiande innan nordisk eksperimentell poesi og litteratur. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Dronningen av England (2011). Han underivser ved fleire forfattarskular i Norden og har gjendikta fransk og amerikansk samtidspoesi til norsk. Sværen er også medlem av bandet Ulver, og han er redaktør for den årlege poesiantologien Den engelske kanal. Foto: Vidar M. S. Husby
Kristin Sørsdal Foto: Jan M. LillebøKRISTIN SØRSDAL (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsettar. Ho har omsett bøker av suksessforfattaren Elena Ferrante til norsk. I 2010 debuterte ho med romanen Makabre bikkjer. Ho er master i italiensk og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar. Mare (2017) er den tredje boka hennar. Foto: Jan M. Lillebø
Demian Vitanza Foto: Tine PoppeDEMIAN VITANZA (f. 1983) er ein norsk forfattar og dramatikar. Han debuterte i 2011 med den kritikarroste romanen urak, og har seinare gitt ut romanen Sub rosa (2014) og skodespelet Londinium (2012), som har blitt omsett til fleire språk. Han er no aktuell med romanen Dette livet eller det neste. Foto: Tine Poppe
Fredrik Wandrup Foto: Steinar BuholmFREDRIK WANDRUP (f. 1951) har vore journalist i Dangbladet sidan midten av 1970-talet. Han har vore alt frå utanriksreporter til petitskribent, featurejournalist til meldar av bøker, teikneseriar, film og musikk. Wandrup har skrive fleire bøker, mellom anna om Jens Bjørneboe, Olaf Bull og James Bond. Debutthrilleren Svart poker kom i 2006, og saman med Tom Stalsberg har han laga Krimquiz. 1666 spørsmål om helter, skurker, film og musikk (2014). Foto: Steinar Buholm
Gina WinjeGINA WINJE (f. 1959) har lang fartstid i norsk og internasjonalt forlagsliv. Ho var tidlegare direktør I NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet, og har jobba som forlagsagent i Aschehoug Agency. Fram til juni 2016 arbeidde ho som kultursjef i heimkommunen Porsgrunn. No har ho starta eige agentur, Winje Agency, som skal få norsk litteratur ut i verda.
Tone Almhjell_Foto Line AlmhjellTone Almhjell (f. 1973) er forfattar og tidlegare journalist med master i engelsk litteratur frå UiO. Debut boka hennar, The Twistrose Key (2013), er eit fantasy-eventyr for barn som først vart utgitt i USA. Boka vart selt til 10 land før den var utgitt, og den norske tittelen er Vindeltorn. Suksessen har ho fulgt opp med romanen Maretorn/Thorngosth (2016).
Eystein Hanssen (f. 1965) er forfattar, journalist og filmskapar. Han har fleire ekspedisjonar og dokumentarar bak seg, og arbeider som kommunikasjonsrådgiver. Han debutera som forfattar i 2010 med De ingen savner, og har skrive fire krimromanar med karakteren Elisabeth Sunee Rathke i hovudrolla. For dei to første bøkene i serien om Elli, vart han nominert til Bokhandlerprisen. Den sjette boka Jaget vart utgitt i 2016.

4.-7. MAI 2017

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

 

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!