Bøker i Bø – prisen 2018

Det er ei glede å melde  at det er forfatteren Espen Stueland som får Bøker i Bø-prisen 2018. Stueland er ein skarp, markant og aktuell essayist, kritiker og skjønnlitterær forfattar. Espen Stueland har vore knytta til forfattarstudiet ved Høgskolen i Søraust-Noreg som gjestelærar. Stueland kjem til Bø for å ta imot den sjuande Bøker i Bø-prisen fredag 4. mai, og det er ordfører Olav Kasland som står for overrekkinga av prisen på Opningsfesten i Gullbring kulturhus. Kort utdrag fra juryens uttale:

Espen Stueland Foto: Tomas Moss

Espen Stueland. Foto: Tomas Moss

Espen Stueland, født 1970 i Porsgrunn, har eit allsidig virke som forfattar bak seg. Han debuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus, han har gjendikta fleire poetar, skrive om andre sine forfattarskap, utgitt romanar, og han har skrive litteraturkritikk. Men det er nok som essayist han er mest kjend, og han er verkeleg ein av dei mest sentrale essayistane vi har. På mange måtar fornyar Stueland sjangaren; han er grundig, ambisiøs og vidløftig i sine grunngjevingar og han dykker djupt!

Bøker i Bø-prisen blir i år delt ut for sjuende gong, til ein forfattar som særleg har vore til inspirasjon for andre forfattarar og skrivande. Eldrid Lunden, Dag Solstad, Kjell Askildsen, Gro Dahle, Geir Gulliksen og Vigdis Hjorth har fått prisen tidligere.

4.-6. MAI 2018

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!