Vigdis Hjorth og Edy Poppy_Foto Hilde Kari Skaftnesmo

Bøker i Bø-prisen 2017 til Vigdis Hjorth

Juryen uttaler:

«Bøker i Bø-prisen 2017 blir tildelt ein prisbelønna og hyperaktuell forfattar som gjennom sin mangfaldige forfattarskap har utforska eksistensielle spørsmål som angår oss alle. Ho skriv klokt om valg det enkelte menneske må ta langs livsvegen, men også innsiktsfullt om samfunnsmessige forhold. Ein aktiv, nær sagt aktivistisk forfattarskap som stadig utvider sitt slagfelt, ein forfattar som synest bli betre og viktigare for kvar bok – aldri forutsigbar, aldri likegyldig i sitt møte med kjærleiken, med samfunnet, med livet; ein uredd og unik forfattar i samtidslitteraturen.»

Hjorth debuterte i 1983 med barneboka Pelle-Ragnar i den gule gården som ho fekk Norsk kulturråds debutantpris for. For den andre boka, Jørgen + Anne er sant, fekk ho Kritikerprisen. Gjennombrotet som forfattar for vaksne kom med romanen Drama med Hilde (1987). Romanen Arv og miljø (2016), har blitt ein stor suksess som forfattaren har fått fleire prisar og nominasjonar for, ho er m.a. nominert til årets Nordisk råds litteraturpris. Våren 2017 er ho Festspilldiktar i Bergen.

Det er Bø kommune og litteraturfestivalen Bøker i Bø som står bak denne heidersprisen, og årets pris er den sjette i rekka. Tidlegare prisvinnarar: Eldrid Lunden, Kjell Askildsen, Dag Solstad, Gro Dahle og Geir Gulliksen. Bøker i Bø-prisen 2017 er ein sjekk på kr. 10.000,- og ein dekorert krakk utført i tre av kunsthandverkaren Mari Fallet Mosand som bur i Bø.

Bøker i Bø er ein intim og kompakt festival med fokus på dei beste tekstane, dei beste bøkene og dei beste forfattarane! Festivalen har altså ikkje eitt tema, det er den enkelte forfattarskapen eller den enkelte teksten eller boka som er i fokus. Bøker i Bø blir arrangert for sjette gang i 2017 – eit samarbeid mellom Høgskolen i Søraust-Noreg Forfattarstudiet , Bø kommune og frivillige bokelskarar. Leiar av Forfattarstudiet, Rune Christiansen, er kunstnarleg rådgjevar.

Festivalen har fått støtte frå Kulturrådet, Fritt Ord, Telemark fylkeskommune og Høgskolen i Søraust-Noreg og Bø kommune.

4.-7. MAI 2017

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

 

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!