BØKER I BØ 2017

Vigdis Hjorth * Demian Vitanza * Vidar Sundstøl * Kjersti Rorgemoen*
Det grøne ordskiftet * Ferrante-feber * Tyrkia møter Italia *

Demian Vitanza til Opningsfesten og Bok på Akademika

Demian Vitanza er eit av hovudnamna på årets opningsfest fredag 5. mai. Vitanza har fått svært gode kritikkar for sin siste roman Dette livet eller det neste – Frå Halden til Aleppo – en Syriafarers historie. (Aschehoug 2017). På opninga vil vi også få møte Espen Stueland, forfattarstudentane, Telemark strykekvartett – og Kjersti Rorgemoen – ein markant Telemarksforfattar som gjestar Bøker i Bø for første gang. Under opningsfesten vil vi også få vite kven som mottar årets Bøker i Bø-pris! Edy Poppy frå Bø er programleiar for opningsfesten.

Tett på Vigdis Hjorth

Edy Poppy får vi også møte sundag 7. mai i samtale med Vigdis Hjorth. Vigdis Hjorth har gjesta Bøker i Bø tidlegare. Ho er ein av våre mest markante samtidsforfattarar – og i 2016 har ho fått mykje merksemd for romanen Arv og miljø (Cappelen Damm 2016); for den fekk ho Bokhandlerprisen, nominasjon til P2-lytternes romanpris, nominasjon til Kritikerprisen og til Nordisk råds litteraturpris. Vi gler oss til å bli betre kjend med forfatttaren Vigdis Hjorth i ein eksklusiv samtale med Edy Poppy.

Tett på Vidar Sundstøl

Sundag 7. mai inviterer Bøker i Bø til lunsj i Prestegarden og eit spennande møte med forfattaren Vidar Sundstøl i samtale med journalist og kritikar i Dagbladet Kristin Sørsdal som også er forfattar, vil presentere sin tredje roman Mare (Samlaget 2017) – der ho set fokus på flyktningkatastrofa i Middelhavet.

Tyrkia møter Italia

Om Orhan Pamuk og Elena Ferrante. Møte mellom to litterære byar: Istanbul og Napoli
Verdsbyane Napoli og Istanbul er åstad i bøker som angår lesarar i heile verda. Elena Ferrante beskriver eit Napoli og Italia i utvikling i den såkalla Napolikvartetten. Orhan Pamuks forfattarskap dreier seg alltid om metropolen Istanbul, ein by som er tydelig tilstades i ein rik forfattarskap. I dag er både byane Istanbul og Napoli under sterkt press. Omsetjarane Kristin Sørsdal og Bernt Brendemoen kjenner forfattarskapane og byane svært godt og har gjenskapt romanane til norsk. Publikum vil møte Sørsdal og Brendemoen i samtale om byane og bøkene i samtale med Gunvald Axner Ims. I denne bolken vil vi også sette fokus på ytringsfridom under press i Tyrkia v/Gina Winje.

Det grøne ordskiftet

Den sjette utgåva av litteraturfestivalen Bøker i Bø vil utfordre sentrale politikarar til eit grønt ordskifte i litteraturens teikn. Festivalen har engasjert forfattar Espen Stueland til å vere programleiar for ein samtale mellom tre profilerte politikarar om litteratur, klima og politikk. Dette møtet vil finne stad på Bø Museum torsdag 4. mai – og etterfølgjast seinare same kveld av ei samlingsstund rundt bålet på Kvennøya. I 2016 ga Espen Stueland ut boka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. (Oktober forlag 2016). «I denne boka stiller Espen Stueland akutte spørsmål og fører en opprømt diskusjon om klimaforandringer, om vårt forhold til naturen slik det kan avleses i poesien, i det politiske språket. Å ferdes i naturen er en kilde til uovertrufne gleder, og naturen er vår arv til etterkommerne.» (Oktober)

Andre programpostar

  • Forbodne ord – seminar om ytringsfridom 5. april v/kulturstudentar HSN
  • Lansering av årets antologi v/forfattarstudentane HSN
  • Forfattaren Ola Jonsmoen i samtale med Rune Christiansen
  • Bokbeite med Audhild Solberg
  • Litteratursalong og filmnatt laurdag 6. mai: Om litteratur og materialitet og fanzine-workshop. Med Shwan Dler Qaradaki, Mette Karlsvik, Jørn Sværen, Kjersti Rorgemoen, Øyvind Prytz og Mari Haugerud. Filmnatt med Kalle Løchen og Rune Christiansen. Programleiar Edy Poppy.

Bøker i Bø er ein intim og kompakt festival med fokus på dei beste tekstane, dei beste bøkene og dei beste forfattarane! Festivalen har altså ikkje eitt tema, det er den enkelte forfattarskapen eller den enkelte teksten eller boka som er i fokus. Bøker i Bø blir arrangert for sjette gang i 2017 – eit samarbeid mellom Høgskolen i Søraust-Noreg Forfattarstudiet , Bø kommune og frivillige bokelskarar. Leiar av Forfattarstudiet, Rune Christiansen, er kunstnarleg rådgjevar.

Festivalen har fått støtte frå Kulturrådet, Fritt Ord, Telemark fylkeskommune, Sparebanken DIN, Nasjonalbiblioteket (samarbeidet med Bø bibliotek). Bøker i Bø samarbeider med Telemark fylkesbibliotek, Høgskolen i Søraust-Noreg: Forfattarstudiet og bachelorstudiet i kulturledelse, Akademika Bø og Notabene Bø, Sentrumsringen i Bø, Bø hotell, Husly Kafé, Bø bibliotek og Gullbring kulturanlegg.

Årets program
Kjøp billettar

 

4.-7. MAI 2017

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

Translate »
Click to listen highlighted text!