PROGRAM 2016

 
 

TORSDAG 28. APRIL


MENNESKERETTAR I HEIMLANDET

Gullbring kl 10–16 (gratis)
Seminar om å arbeide med ytringsfridom og menneskerettar frå eksil. Forteljingar frå Syria, Eritrea og Asjerbadsjan. Innleiarar: Idrak Abassov, Feras Ayob, Johanne Fronth-Nygren, Ane Tusvik Bonde,
Ingeborg Kværne og Mohammad Habeeb. Leia av Hilde Eika Nesje.

 

ELVETID VED BÅLET

Oterholt / Kvennøya kl. 19 (gratis)
Boklansering Ljå forlag: Nils Faarlund med Friluftsliv. En dannelsesreise. I samarb. m/Forum for natur og friluftsliv og Institutt for friluft og miljø, HSN.

 
 

FREDAG 29. APRIL


GODE ARRANGEMENT I BIBLIOTEKA

Kroa i Bø kl. 10–14 (gratis)
Seminar om å lage gode arrangement i biblioteka. Leia av Steinar Engeland.

 

BESTSELJARAR PÅ BIBLIOTEKET

Bø bibliotek kl. 15 (gratis)
Kva skjer når bestseljarar toppar utlånsstatistikken til biblioteka? Foredrag ved litteraturkritikar Bernhard Ellefsen.

 

OPNINGSFEST

Gullbring kl. 19 (350,-)
Utdeling av Bøker i Bø-prisen. Innslag med Linn Ullmann, Rune Christiansen,
Annabelle Despard, Geir Gulliksen, Gine Cornelia Pedersen, Amalie Kasin Lerstang, forfattarstudentane, Telemark strykekvartett m.fl.

 

STUDENTANTOLOGIEN 2016

Vertshuset kl. 22 (gratis)
Sleppfest for årets studentantologi. Forfattarstudentane,
m.fl.. DJ-musikk.

 
 

LAURDAG 30. APRIL


MAI-MARKNAD PÅ TORGET

Bø torg kl. 10:00 (gratis)
Handel, leik, campingliv og litterære aktivitetar for alle i samarbeid med Sentrumsringen.

 

BOK PÅ AKADEMIKA

Akademika bokhandel kl. 10 (gratis)
Akademika presenterer Inghill Johansen, Sigrid Bø og Ragnhild Hagen. Musikalsk innslag med Ingebjørg Romarheim.

 

UNGE SUPERLESARAR

Bø bibliotek kl. 11 (gratis)
Geir Gulliksen og Inger Bråtveit i møte med unge superlesarar. Bø mållag kårar
vinnarane av skrivekonkurransen for ungdom.

 

BOK PÅ NOTABENE

Notabene bokhandel kl. 13 (gratis)
Notabene presenterer krimforfattaren
Jørn Lier Horst.

 

BOKBEITE FOR FAMILIEN

Bø bibliotek kl. 13 (gratis)
Lesestund med Christian Wiik Gjerde, frå NRK Super, som er aktuell med boka
Jakta på firkløveren.

 

I SKJERINGSPUNKTET

Bø bibliotek kl. 14 (gratis)
Kritikarsalong om reise og eksil. Kaia Schjerven Mollerin i samtale med Amalie
Kasin Lerstang og Inger Bråtveit.

 

BOKBAD MED JON MICHELET

Bø Hotell kl 16 (150,-)
Ellen Schrumpf, professor i historie, samtalar med Jon Michelet om forholdet
mellom romanen og det historiske. Om research, det politiske prosjektet og
Michelet si eiga erfaring som sjømann.

 

BOKSALONG

Vertshuset kl. 19 (200,- Inkl. Litteraturnatt
på lerret
)

Lesebolk: Maria Sand, Alva Sand Venås og Frøydis Sollid Simonsen.
Samtale om litteratur og terapi: Miriam Stendal Boulos med Kristin Ribe, Gine
Cornelia Pedersen og Inger Bråtveit.
Forfattarsamtale: Rune Christiansen og Anne Oterholm.

 

LITTERATURNATT PÅ LERRET

Vertshuset kl. 22 (85,-)
Filmsamtaler med filmvitar Kalle Løchen og fofattar Rune Christiansen.

 

GROOVENIGHT

Vertshuset ca kl. 23 (gratis)
Dans! DJ-musikk v/ Daniel Villadsen.

 
 

SUNDAG 1. MAI


EIN VIKTORIANSK TRAGEDIE

Bø prestegard kl. 11-12 (150,-)
Kåseri om søstrene Brontë v/Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur.
Billettar på www.gullbring.no eller tlf 35 06 03 90. Prisane er oppgitt utan billettavgift. For kjøp i døra kan det koste inntil kr 50 ekstra. Barn/ungdom under 16 år gratis. Studentar/elevar halv pris.

 
 

4.-7. MAI 2017

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

 

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!