Bjella til Bøker i Bø

Fyrste helga i mai står bøker og litteratur i sentrum i Bø, under festivalen Bøker i Bø.

Programslepp for årets festival nærmar seg. Eit av namna som er klare er Stein Torleif Bjella, godt kjend som musikar, vokalist og låtskrivar. I 2017 debuterte Bjella også med diktsamlinga Jordsjukantologien, ei bok som har selt godt og fått gode meldingar. Bygdekultur på godt og vondt er tema.

Bjella opptrer med diktlesing, solokonsert og forfattarsamtale på festivallaurdagen 5. mai. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bøker i Bø, Bø jazzklubb og Bø kommune.

4.-6. MAI 2018

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

 

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!