Vi har gleda av å invitere til den sjuande litteraturfestivalen i Bø Bøker i Bø 4.-6. mai 2018

Bøker i Bø 2018 er eit fint flettverk av tekstar og tematikk – tett på forfattarane i nære møte. Programmet begynner og forme seg!

 

Nye namn på plakaten for 2018

 

Thorvald Steen i samtale med Gina Winje

Møte med den aktuelle og høgt verdsette forfattaren Thorvald Steen i samtale med Gina Winje fredag 4. mai i Gullbring. Thorvald Steen (f. 1954) debuterte i 1983 og har gjennom ein rik forfattarskap skrive romanar, diktsamlingar, skodespel, noveller, barnebøker og essays.  Han har markert seg som ein av Norges mest internasjonalt orienterte forfattarar.

 

Rune Christiansen i samtale med Janneken Øverland på Bø hotell

Rune Christiansen (f. 1963) blei ein sentral poet allereide med den første boka Hvor toget forlater havet i 1986. Han har utvikla ein stadig meir markant prosaforfattarskap, seinast med Ensomheten i Lydia Ernemans liv (Okotber 2014) og Fanny og mysteriet i den sørgende skogen (Okotber 2017) er Christiansens niande roman. Janneken Øverland er litteraturhistorikar og tidlegare forleggar.

 

Himmel og helvete

Kva rolle spelar bøkenes bok for samtidslitteraturen og forfattarar i dag? Boksalong med opplesing og samtale med Mona Høvring og Alf Kjetil Walgermo. Mona Høvring er aktuell med diktsamlinga Jente med dødningehode (Oktober 2017). Alf Kjetil Walgermo ga i 2017 ut Røff guide til bibelen (Samlaget). Bø hotell laurdag 5. mai.

 

Nye satsingar

 

Konsert i Parketten

Solokonsert og samtale med Stein Torleif Bjella. Han er godt kjent som musikar, tekstforfattar og artist. I 2017 debuterte han som forfattar med diktsamlinga Jordsjukantologien (Oktober 2017). Det blir opplesing frå boka, solokonsert og samtale med Heidi Stavrum – og utlodning av fruktkorg!

 

Eit større tilbod til barn og ungdom

-Bokbeite på biblioteket med skodespelar og forfattar Veronica Salinas og OG
-Skulebesøk med Audhild Solberg og Superbitchene
-Skulebesøk og Bokbeite med Frank Rosell og Neha Naveen med Beveren Bjørk
-Bøker og fuglekikking, parkbiblioteket i Evjudalen

 

Frokost til fjells

Litterær frokost på Lifjellstua med Aina Villanger, Øyvind Rimbereid i samtale med Arnfinn Åslund. Laurdag 5. mai startar vi friskt på godt og vel 750 høgdemeter og flyttar oss gjennom historiske lag i poesien til Villanger og Rimbereid ved hjelp av Arnfinn Åslund. Det blir organisert transport frå Bø sentrum.

 

Back in Bø

Open scene på Bø hotell laurdag 5. mai
Mari Hesjedal inviterer tidlegare forfattarstudentar tilbake til Bø! Lesingar og open scene.

 

Økopoetisk vandring i Evjudalen

Ut i det grønne sundag 6. mai med Eldrid Lunden og Kristine Søgnen, Finn Rønning og Morten Rasch Arnesen. Diktlesing i parkbiblioteket, lokalhistorie og fuglekikking i Evjudalen.

 

Desse kjem

Øyvind Rimbereid, Thorvald Steen, Mona Høvring, Stein Torleif Bjella, Aina Villanger,
Eldrid Lunden, Rune Christiansen, Alf Kjetil Walgermo, Eivind S. Larssen, Svanhild Amdal Telnes, Veronica Salinas, Audhild Solberg, Eskil Kjos Fjell, Neha Naveen, Frank Rosell, Gina Winje, Janneken Øverland, Kalle Løchen, Astrid Borchrevink Lund, Per Erik Buchanan Andersen, Thor Magnus Tallerås, Linda Schade Andersen. Mari Hesjedal, Øyvind Gulliksen, Jarle Sten Olsen, Kristine Søgnen, Arnfinn Åslund, Heidi Stavrum, Finn Rønning, Morten Rasch Arnesen, Telemark strykekvartett

TIL PROGRAMMET >>

4.-6. MAI 2018

Velkommen til ein kompakt og intim litteraturfestival i kulturbygda Bø!

SPONSORAR

BuenGruppen

Midt-Telemark Næringsutvikling

Logo Beverøya Camping

STØTTESPELARAR OG
SAMARBEIDSPARTNARAR

Bø kommune
Gullbring Kulturanlegg
Høskulen i Søraust-Noreg
Telemark fylkeskommune
Norsk Bibliotekforening
Kulturrådet
Fritt Ord
Bø hotell
Akademika
Notabene

Translate »
Click to listen highlighted text!